Over 30 år med erfaring, kompetanse og høgder

30 +
Liftar
30 år
Med erfaring
5
årsverk

Hollekve Sag

Hollekve Sag er ein etablert aktør innan liftutleige og handverkstenester i Sogn og på Vestlandet. Med over 30 års erfaring tilbyr vi liftar, handverkstenester, fasade- og takvask, samt kurs og opplæring.

Sidan 1990

Hollekve Sag vart starta av Leiv Dag Hollekve og har sidan 1990 utvikla seg frå eit lokalt sagbruk til ei allsidig verksemd. Sagbruket kom i produksjon i 1991, og i 2002 vart liftutleige ein del av verksemda. Fire år seinare kom handverkstenestene til.

Gjennom åra har vi bygd vidare på erfaringa og kompetansen vi har opparbeidd oss, og utvida verksemda med mellom anna fasade- og takvask, samt kurs og opplæring.

Lokalt forankra. Lang rekkevidde.

Med Sogn som utgangspunkt har vårt kjerneområde i Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal og Vik. Her kjenner vi både området og kundane godt, samtidig som vi leverer liftar og tenester til kundar over heile Vestlandet.

Kompetanse og tryggleik

Gjennom mange år i bransjen har vi bygd opp solid kompetanse innan arbeid i høgda, utleige og handverkstenester. Tryggleik er ein naturleg del av måten vi jobbar på – både i møte med kundane våre og i det daglege arbeidet.

Vi er medlem av Personløfterforeningen (PLF) og NOORSI, og held oss oppdaterte på krav, regelverk og fagleg utvikling i bransjen. Vi tilbyr også opplæring innan lift og fallsikring, i tillegg til andre kurs etter forespørsel.

Dette kan vi hjelpe deg med

901 16 783
Ring oss, vi hjelpe deg!
post@hollekvesag.no
Spørsmål eller behov for tilpassa tilbod? Send oss ein mail!
Dalavegen 523,
6857 Sogndal